Kartlegging av tilgjengelege bustadar

Kartlegging av tilgjengelege bustadar kommunen kan bruke til midlertidig innkvartering av flyktningar frå Ukraina

Noreg har opna for å gje kollektiv beskyttelse til ukrainarar som er på flukt frå krig, og det blir no jobba med å etablere fleire mottaks- og busettingsplassar over heile landet. Alle kommunar i Noreg er bedt om å vurdere kapasiteten til å busette flyktningar frå Ukraina, og kor raskt ein vil kunne busette.

Bremanger kommune kartlegg no kva offentlege bustadar/bygg som kan gjerast tilgjengelege for ukrainske flyktningar i vår kommune. Vi ønskjer også å få kartlagt privatpersonar eller organisasjonar som ønsker å tilby eller veit om tilgjengelege bustadar kommunen kan bruke til midlertidig innkvartering (mottak) eller til fast busetting.

 

Dersom du har tilgjengeleg bustad er det fint om du registrerer det her.

 

Registreringa er uforpliktande både for deg og for kommunen. Dersom det vert aktuelt for kommunen å leige bustad av deg, vert du kontakta.

 

Sjå også UDIs informasjon for personar som ønskjer å hjelpe flyktningar frå Ukraina 

Informasjon frå Statsforvaltaren i Vestland

 

 

  • Postadresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
     
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
  • Vakttelefon kommunalteknikk
    tlf. 95 98 29 99
  • Brannvakt: tlf. 48 22 36 27 
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kommunenummer: 4648
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset