Kartlegging
av
tilgjengelege bustadar kommunen kan bruke til midlertidig innkvartering av
flyktningar får Ukraina
Noreg har opna for å gje kollektiv beskyttelse til ukrainarar som er på
flukt frå krig, og det blir no jobba med å etablere fleire mottaks- og
busettingsplassar over heile landet. Alle kommunar i Noreg er bedt om å vurdere
kapasiteten til å busette flyktningar frå Ukraina, og kor raskt ein vil kunne
busette.
Bremanger kommune kartlegg no kva offentlege bustadar/bygg som kan
gjerast tilgjengelege for ukrainske flyktningar i vår kommune. Vi ønskjer også
å få kartlagt privatpersonar eller organisasjonar som ønsker å tilby eller
veit om tilgjengelege bustadar kommunen kan bruke til midlertidig innkvartering
(mottak) eller til fast busetting.
Registreringa er uforpliktande både for deg og for kommunen. Dersom det
vert aktuelt for kommunen å leige bustad av deg, vert du kontakta.
Sjå også UDIs informasjon for personer som ønsker å
hjelpe flyktningar frå Ukraina
Informasjon frå Statsforvaltaren i Vestland