Innspel til verdiskapingsanalyse

Det australske selskapet Fortescue ønskjer å etablere produksjonsanlegg for grøn ammoniakk på Holmaneset i Bremanger kommune. Fortescue utviklar prosjekt i Europa, inkludert i Norge, for å utvikle grøne hydrogen- og ammoniakkprosjekt basert på bruk av fornybar energi; som vasskraft, geotermisk energi, vind og sol.

Etableringa krev større areal enn det som i dag er regulert til industriføremål. Det må difor lagast ny reguleringsplan for området. Sidan utviding av industriføremålet ikkje er avklara gjennom overordna plan (arealdelen til kommuneplanen), er det ønskjeleg å avklare arealbruken gjennom områderegulering før seinare detaljregulering. Bremanger kommune har i sak 10/23 i formannskap vedtatt at det blir starta ein planprosess for områderegulering av Holmaneset. 

 

Vi ber innbyggjarar og næringsliv om å bidra med innspel til verdiskapingsanalysa ved å svare på spørsmål i lenka under. Innspela vil bli oppsummerte i verdiskapingsanalysa. Svara vert handsama anonymt.  Frist for innspel er 12. mai 2024.

 

Send inn innspel til verdiskapingsanalysa her

 

 

  • Postadresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
     
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
  • Vakttelefon kommunalteknikk
    tlf. 95 98 29 99
  • Brannvakt: tlf. 48 22 36 27 
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kommunenummer: 4648
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset