Hamrøy og Oldersund bru

Vestland fylkeskommune skal utføre vedlikehaldstiltak på Hamrøy og Oldersund bru på fv.616 i 2024 og 2025

Bruene blei rehabilitert i 1996–1998 og etter 25 år har det igjen oppstått ein del betongskade på undersida av desse bruene. Med utgangspunkt i en spesialinspeksjon som blei utført i 2020 skal bruene no rehabiliterast på nytt. Underside av brudekke skal repararast og det skal etablerast eit katodisk anlegg på (deler av) underkant brudekke og søylene. Ved å montere eit kato disk anlegg skal det reduserast korrosjon av armeringsjern i betongen. Samtidig med dette arbeidet skal brulagre og fugane (delvis) rehabiliterast og det skal skiftast ut rekkverkskomponentar på brua.

 

Oppstart av arbeidet er planlagt i mars 2024. Arbeidet på begge bruene ferdigstillast i oktober 2025.

 

 

Vegstenging

Mest av arbeidet skjer på underkant av brua, men det skal og foregå ein del arbeid på brua (rigg av stillas mm). Derfor kan det vere behov for at vegen blir stengt i kortare periodar. Vegstengingar blir alltid varsla i forkant og det blir mest mogeleg tatt hensyn til ferjetider og bussruter. Utrykningskjøretøy (nødetatane) skal slippast raskt forbi ved enkvar stenging av bruene. Det skal stort sett vere mogelig å bruke fortauet under arbeidet.

 

 

Støy / Begrensa tilgang under bruene

Det blir ein del vannmeisling på underkant av bruene, noko som kan skape ein del lyd under arbeidet. Entreprenøren skal gjere dei tiltaka som er nødvendig for å redusere ulempene til eit minimum. Ellers skal det byggast opp stillas under bruene noko som gjer begrensa tilgang til vannkanten i periodar. Fylkeskommunen er klar over ulempene for bebuarar og trafikantar i området, men håper på eit godt samarbeid dei kommande 2 år og står open for tilbakemeldinger.

 

Kontaktinformasjon: 

Byggeleiar: Ellen Bijsterbosch – van Hal
Tlf: 992 02 659
E-post: ellen.catharina.van.hal@vlfk.no

 

Informasjonen står i artikkelen - Klikk for stort bilete
 

 

  • Postadresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
     
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
  • Vakttelefon kommunalteknikk
    tlf. 95 98 29 99
  • Brannvakt: tlf. 48 22 36 27 
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kommunenummer: 4648
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset