Ida Kristin Skålbones og Anne Karin Svarstad vil snakke med dei eldre.
Bremanger kommune
– Tilbodet går til dei som bur heime, og ikkje har tenester frå pleie og omsorg, fortel Ida Kristin Skålbones. Kollega Anne Karin Svarstad legg til at dette har dei tenkt på ei stund:
– Dette er noko vi har ønskt å få til lenge, men først no har ein klart å omprioritere ressursane slik at ein kan gjennomføre samtalane.
Kommunen ønskjer å legge til rette slik at alle kan ha ein god alderdom der helse, tryggleik og trivsel står i fokus.
Dei fortel at andre kommunar har gjort dette før dei. I Bremanger dette året, er det snakk om ei gruppe på eit titals innbyggarar som får tilbod om ein slik samtale. Evalueringa vil i neste omgang vise om ein bør utvide aldersgruppene.
Godt mottatt
Dei første samtalane har fått positive tilbakemeldingar og innbyggjarane synest det er eit godt tiltak.
Kommunen ønskjer å snu tankegangen til dei eldre slik at den einskilde kan ta meir ansvar for eigen alderdom. Kanskje treng du ein veg opp til huset ditt, utbetre trappa inne så ho ikkje blir så bratt, eller legge til rette på andre måtar for å bu lengst mogleg heime.
– Kanskje bør ein flytte badet eller soverommet. Dersom det er aktuelt formidlar ein kontakt til ergoterapeut og bustadgruppe, fortel Anne Karin.
Bu trygt heime
Nasjonalt handlar denne reforma om ei stortingsmelding som passerte statsråd sommaren 2023:
Meld. St. 24 (2022–2023) – regjeringen.no
I eit presseskriv frå Helsedirektoratet heiter det om denne meldinga til Stortinget at «Bu trygt heime» er ein brei samfunnsreform for eit meir aldersvenleg og berekraftig samfunn.
Planlegging og førebygging skal bidra til at eldre kan bu heime lenger. God bruk av personell og ressursar skal bidra til trygge og gode tenester for dei eldre. Stortingsmeldinga bygger vidare på «Leve heile livet» som Solberg-regjeringa la fram.
Stortingsmeldinga kom for tre år sidan.Samskapingskommune
For Bremanger sin del betyr det at også vi må gjere endringar. Kommunen går meir i retning av å vere ein samskapingskommune. Difor kjem dette tiltaket no.
– Vi sender først brev i posten. Deretter tar vi ein telefon for å høyre om dei vil ha ein prat. Er svaret ja, reiser vi ut, eller vi tar ein samtale på kontoret med den det gjeld, forklarar Ida. I nokre tilfelle er telefonsamtalen tilstrekkeleg.
Dei legg til at det sjølvsagt er mogleg å ringe kommunen om ein har spørsmål ein lurer på i denne saka.