What shaped Norway (Bremanger)?
Kjære sambygding,
Denne hausten vert den nasjonale kampanjen «What shaped Norway?» lansert av Innovasjon Norge, https://reiseliv.innovasjonnorge.no/artikkel/kampanje-what-shaped-norway, der mytar, natur og kultur blir fletta saman for å vise korleis forteljingar, tru og folklore har forma både oss og landskapet vårt.
Bremanger ønskjer å samle inn innhald frå kommunen – og vi treng dykkar hjelp.
Slik kan du bidra
Send oss gjerne eitt eller fleire av desse:
Tips og historier: korte tekstar (5–10 setningar) om sagn, mytar eller vikinghistorier frå Bremanger – gjerne med lenkjer til kjelder/lokal tradisjon dersom det finst.
Bilete og korte videoar som viser stader, formasjonar, kulturminne eller aktivitetar knytt til ein lokal myte/segn.
Lokasjonsinfo om stader knytt til segn/mytar: namn på staden, GPS/Google Maps-lenkje, beste årstid/tid på døgnet, samt praktisk info (parkering, tryggleik, ferdselsreglar).
Rettar/credits: Dersom du sender oss bilde og/eller film, ver venleg å oppgje fotograf/filmskapar, kontaktinfo og samtykke til at materialet kan brukast i eigne kanalar (organisk/annonsering) med kreditering.
Samtykke: Sørg for skriftleg løyve frå personar som er tydeleg gjenkjennelege (modellgodkjenning). Dronemateriale må følgje gjeldande reglar/forbodssoner.
Berekraft & tryggleik: Motiv og tekstar skal ikkje oppmode til farleg ferdsel eller brot på lokale reglar/vern. Ta gjerne med ferdselsråd.
(Bruk gjerne ei fildelingslenkje om materialet er stort.)
Kva vi ser etter (eksempel):
Segn og mytar med tydeleg kopling til natur og stad – til dømes hekseforteljingar frå Hornelen.
Naturformasjonar «skapte av troll» eller mytiske vesen – fjell, steinar, grotter eller fossefall med ei forteljing.
Vikingtid og lokal folklore – gjerne forteljingar som «manglar litt rot i røyndomen», men som lever vidare i kulturarven.
Send inn dine forslag til Renate P. S Johnsen Kulturminne / -miljø på e-post renate.johnsen@bremanger.kommune.no