Vil du bli med å utvikle Tongane kystfort?

Til deg som har interesse for Tongane og Bremanger kommune si krigshistorie. 

I år var det 80 år sidan 2. verdskrig tok slutt. Men vi skal ikkje gløyme, og vi skal fortsette å løfte historia vi er ein del av. 

Vi ynskjer oss meir aktiv bruk av dei krigsminna vi har rundt oss. Vi i kultureininga ynskjer å lyfte interessa for å etablere ei arbeidsgruppe. Eit lag med frivillige som vil vere med å bevare, men óg løfte historia vår.

Alf Haakon Harlem

Kven kan vere med? 

Har du interesse for, eller ynskje om å gjere Tongane til ein park som fortel krigshistoria vår? Då kan du vere med.

Kva skal vi som seier ja gjere? 

De som seier ja vil vere med på å lage ein plan for korleis utvikle Tongane til ein folkepark. Og så skal vi få arbeidet gjort.

Kor mykje arbeid vil det vere?

Det er tenkt 2-3 møter i året.

Korleis vil laget vere organisert? 

Vi blir ei gruppe med frivillige på om lag 8 stk. Ein representant frå kultureininga vil vere med i gruppa.

JA, eg vil vere med, kva gjer eg? 

Send ein e-post med di interesse til Renate på renate.johnsen@bremanger.kommune.no og så er du med!