Vedteke planprogram for detaljregulering farlei Florø-Stad, delplan Bremanger; Plan-Id 4648.202501
I samsvar med forskrift om konsekvensutgreiingar har Bremanger formannskap, i sak FSK-024/26, fastsett planprogram for Bremanger, for detaljregulering for farleia Florø - Stad.
Planarbeidet omfattar to reguleringsplanar; ein for Kinn og ein for Bremanger. Føremålet med planarbeidet er betre framkome for skipstrafikken, og i Bremanger inneber planarbeidet utdjupingar av grunner ved Olaskjeret, Hornelsflua og Skaten, og tilhøyrande sjødeponi vest for Storøyna i Rugsund. Reguleringsplanen vil få felles konsekvensutgreiing for Kinn og Bremanger. Viktige tema i konsekvensutgreiinga er naturmangfald, vassmiljø og naturressursar.
Vedtaket av planprogrammet kan ikkje påklagast.
I Bremanger kommune omfattar planarbeidet dei tre områda på kartutsnittet

Vedlegg
Publisert 24.03.2026 15.11
Sist endra 24.03.2026 15.14