Vedlikehaldsarbeid på Isane ferjekai

Vestland fylkeskommune melder om planlagt vedlikehaldsarbeid på Isane ferjekai ein dag i veke 47 eller 48. Nøyaktig dato kjem seinare.

Vi oppdaterer informasjonen så snart tidspunktet er fastsett.

Arbeidet medfører at dei to siste avgangane frå Isane-Stårheim sambandet vert kansellert.

Dei aktuelle avgangane er:

  • 21.40 og 22.55 frå Isane ferjekai
  • 21.20 og 22.35 frå Stårheim ferjekai

Arbeidet medfører at ferja ikkje kan gå til eller frå Isane ferjekai før kl. 06.20 den aktuelle dagen.