Entreprenøren skal ta i bruk gravemaskiner og lastebilar, og det vil vere naudsynt å nytte heile breidda og lengda av Orrevegen.
Alle bilar som vanlegvis står parkert i vegen, må flyttast innan måndag morgon. Det er etablert ein mellombels parkeringsplass nede ved innkøyringa til Orrevegen frå fylkesvegen, på leikeplassen.
Denne plassen har avgrensa kapasitet, og vi oppmodar alle om å vurdere talet på bilar per husstand i denne perioden. Vis omsyn ved inn- og utkøyring samt parkering.
Kontaktinformasjon:
Har du spørsmål eller treng meir informasjon om prosjektet, kan du kontakte
Bremanger kommune på telefon 99704739 eller e-post inge.rogne@bremanger.kommune.no
Linja på telefon 95244136 eller e-post reidar.hansen@linja.no.
Vi takkar for tolmodet og samarbeidet under dette viktige arbeidet, som vil bidra til ein tryggare og meir moderne infrastruktur i kommunen.