Vaksinasjonsdatoar

Det vert vaksinasjonar i Bremangerhallen på Hauge 29. oktober og i idrettshallen ved Svelgen oppvekst 5. november. Du må ikkje avtale tidspunkt, og det er berre å møte opp. Dette er eit tilbod for dei som er i målgruppene og er heilt gratis. 

Du kan ta både koronavaksine og influensavaksine på same tid dersom du ønskjer. 

Hugs å ta med legitimasjon dersom du ikkje kan fødselsnummeret ditt utanåt. 

Hauge: 29. oktober

Møt opp i Bremangerhallen ved Hauge oppvekst kl. 12–18. Adressa er Bjørsvika 1, 6727 Bremanger. 

Det er ikkje sette opp liste eller delt inn i område. Du møter derfor berre opp når du har høve. 

Svelgen: 5. november

Vaksinasjonen føregår mellom kl. 12 og 18 i idrettshallen ved Svelgen oppvekst. Adressa er Gunnar Schjelderups veg 31, 6723 Svelgen.

Her er det sett opp tidspunkt for dei ulike grendene rundt Svelgen for å unngå lang kø. Du kan møte opp på andre tidspunkt, men då må du rekne med lengre ventetid. 

Inndeling for Svelgen idrettshall

kl. 12.00–13.30: Svelgen sentrum
kl. 13.30–15.00: Årebrot, Botnane, Myklebust, Gulevegen, Kringomvegen og Krokvegen
kl. 15.00–16.30: Rugsund, Leirgulen, Davik og Ålfoten
kl. 16.30–18.00: ope tidspunkt for andre

Målgruppene

Influensavaksine er anbefalt for:

  • Alle over 65 år.
  • Gravide frå veke 12, og i 1. trimester med tilleggsrisiko.
  • Premature born (særleg før veke 32) frå 6 månadar til 5 år.
  • Personar med:
    • Kronisk lungesjukdom.
    • Hjarte- og karsjukdom.
    • Diabetes type 1 og 2.
    • Leversvikt eller nyresvikt.
    • Nevrologisk sjukdom eller skade.
    • Nedsett immunforsvar.
    • Alvorleg overvekt (KMI over 40).
    • Anna alvorleg sjukdom etter legevurdering.

FHI: målgruppene for influensavaksine

Oppfriskningsdose av koronavaksine er anbefalt for:

  • Personar 65 år og eldre, og sjukeheimsbebuarar.
  • Personar 18–64 år i risikogrupper.
  • Ungdom 12–17 år med alvorleg grunnsjukdom.
  • Born 6 månadar–11 år med alvorleg grunnsjukdom etter vurdering frå lege.
  • Gravide i 2. og 3. trimester (1. trimester ved tilleggssjukdomar). 

FHI: målgruppene for koronavaksine

Fortsatt usikker på om du er i målgruppa? Snakk med din fastlege før du møter opp til vaksinasjon.