Søndag 3. august vert det kafé på Årebrot grendehus. Då markerer grendelaget at 16. august er det 90 år sidan Thor Solberg (1893-1967) var den første som flaug over Atlanteren frå USA til Norge.

Utvandrarjubileet er ei nasjonal markering av utvandringa som starta i 1825. I haust kan du vente fleire arrangement med utvandringa som tema i Bremanger kommune. Botnane og Årebrot Grendelag startar allereie søndag 3. august med eit foredrag om flypioneren Thor Solberg.
90 år sidan Thor kryssa storhavet
Han landa i Bergen etter ei dramatisk reise over storhavet 90 år sidan. Dagen etter kom Thor heim til Solberg, og tok foreldra, Gunhild og Simon, med på ein flytur over Batalden og Hovden. Dette var i mellomkrigstida, og foreldra hadde aldri sett noko liknande før sonen landa med sjøflyet nede i støa.
«The Golden Age of Aviation»
Forfattar Dag H. Nestegard har skrive bok om Thor Solberg. Den 3. august kl.16.00 kjem han til Årebrot grendehus for å fortelje om, og vise filmklipp og lydopptak av den største kjendisen frå vårt område.
Thor Solberg budde i Brooklyn, og var ein av flypionerane på legendariske Floyd Bennett Field. Der var han saman med andre heltar som Charles Lindbergh, Amelia Earhart og Howard Hughes, og andre som til dømes Jimmie Mattern.
Desse personane er representantar for perioden som vert kalla «The Golden Age of Aviation», luftfarten sin gullalder.
Thor Solberg inngår i den store forteljinga om den norske utvandringa til Amerika. I dag står det ein statue av han ved Florø lufthamn.