Ungdom og Fritid er landsforeninga for fritidsklubbar og ungdomshus, og representerer rundt 3000 ungdomsarbeidarar og 120 000 ungdommar.
Ungdom og fritid
Boblefotball er valt fordi det er inkluderande, morosamt og heilt utan krav til ferdigheiter. Her er alle på same nivå – det handlar ikkje om å vere best, men om å ha det gøy saman. Resultatet? Masse latter, energi og gode opplevingar.
Boblefotball er ein humoristisk variant av vanleg fotball, men kor deltakarane er ikledd ei stor, oppblåsbar plastboble.
Turneringa skal samle ungdom frå ulike bygder og bidra til å styrke fellesskapet på tvers av kommunen. Samstundes får ungdom i klubben sjølve vere med på å planleggje, organisere og gjennomføre arrangementet.
Det gir verdifull erfaring, ansvar, samarbeid og ekte meistring.
Prosjektet skal også synleggjere klubben som ein trygg, open og inkluderande møteplass, der ungdom kan vere seg sjølve, prøve nye ting og kjenne eigarskap til sin eigen fritidsarena.
Vi gler oss stort – dette blir ein Kick-Off med både fart, latter og fellesskap!