Tor Olav vil spre songglede. – Mykje god helse i det å synge i lag

På måndag den 29. september startar Songglede, eit vekentleg tilbod kor alle er inviterte til å kome og synge saman. 

Dette vil føregå i Storstova på Svelgen omsorgssenter frå klokka 10.30 til 12.00, med ei kaffipause midt i.

Musikkterapeut Tor Olav Heldal har regien. Han oppfordrar folk kring om i kommunen til å samle seg og køyre saman. 

Fotografi av musikkterapeut Tor Olav Heldal framfor eit piano - Klikk for stort bileteTor Olav Heldal er klar til å ønske velkomen til "Songglede" Bremanger kommune

 

 

 

 

 

 

 

Om det er tvil kring eiga sangstemme som hindrar ein i å ta turen, så har Tor Olav Heldal ei melding til deg:

– Her skal vi synge med det nebbet vi har. 

Som musikkterapeut er han oppteken av den fantastiske effekten ein får av å synge saman med andre. 

– Det å synge saman gir ei kjensle av fellesskap. Når vi kjem saman og syng, skjer noko nesten magisk. Det er mykje god helse i det å synge i lag.