Tilbod om samtalegruppe for pårørande til personar med demens

Å vere pårørande til ein person med demens, kan by på utfordringar. Den du er glad i endrar seg, og omsorgsoppgåvene aukar. Å møte andre som er i same situasjon kan vere ei støtte og eit bidrag til eiga meistring av dagane.  

Bremanger kommune ynskjer no å tilby samtalegruppe for pårørande. Her kan du fortelje og høyre andre sine opplevingar og erfaringar. Gruppa møtast over tid og kan bidra til at du finn måtar å løyse kvardag og familieliv på. 

Påmelding:

Send sms til Linda Førde på mobilnummer 482 42 382
Påmeldingsfrist: 10. april 2026.

Tid og stad: Storstova på Svelgen omsorgssenter kl. 18.00 - 20.00.

Datoar:

  • 21. april
  • 30. april
  • 19. mai
  • 26. mai
  • 2. juni
     

 

 

 


Med atterhald om minimum tre påmeldte til samtalegruppa.