Tid for å søkje momskompensasjon

Lag og organisasjonar kan no søkje momskompensasjon på varer og tenester! Søknadsfristen er 1. september 2025.

Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordele 2,65 milliardar kroner i momskompensasjon til frivillige organisasjonar i 2025.

Formålet med ordninga er å fremje frivillig aktivitet. Dette blir gjort ved å godtgjere for kostnadar som frivillige organisasjonar har hatt til meirverdiavgift ved kjøp av varer og tenester.

Om søknaden

Organisasjonen må vere registrert i Frivilligregisteret, og frivillig innsats må vere ein viktig del av verksemda for å søke.

Du kan søkje på ein av dei to modellane: forenkla eller dokumentert. Minstegrensa for å søke etter forenkla modell er 100 000 kroner i søknadsgrunnlag. Etter dokumentert modell er minstegrensa 7 000 kroner i faktiske meirverdiavgiftskostnader. 

Søknadsfristen er 1. september 2025.

Søknadsskjema og vilkår (Lotteri- og stiftelsestilsynet)

Spesifikt for organisasjonar knytt til sentralledd

Organisasjonar som er knytt til eit sentralledd (for eksempel Norges idrettsforbund, Norske Kvinners Sanitetsforening eller liknande) skal sende søknaden via dei. Sentralledda har eigne søknadsfristar som er tidlegare enn Lotteri- og stiftelsestilsynet sin frist. 

Minstegrensene skildra ovanfor gjeld ikkje for organisasjonar som skal søke gjennom sentralledd.

Lotteri- og stiftelsestilsynet om ordninga