Test av nødvarsel

Onsdag 14. januar kl. 12.00 testar politiet nødvarsel på mobil i heile landet (også Svalbard). Sivilforsvaret testar samstundes tyfonane med signalet "Viktig melding – søk informasjon". 

Dette betyr at mobiltelefonar i heile landet vil vibrere og spille av eit høgt lydsignal, samstundes som at tyfonane uler.

Del gjerne informasjon om varslingsprøven med dine næraste, slik at flest mogleg er førebudde og veit at dette berre er ein test.

Du kan lese meir om testing av nødvarsel på nødvarsel.no.