Støtteordning for tilrettelegging av naturområde

Er det eit naturområde i kommunen du skulle ønskje var meir tilrettelagt? Prosjektet God og Trygg deler ut midlar til fysiske tiltak for betre tilgjengelegheit uavhengig av funksjonsevne. 

God og Trygg er leia av Friluftsrådets Landsforbund som har fått 80 millionar frå Gjensidige Stiftelsen.

Kven kan søkje?

Offentlege og frivillige organisasjonar kan søkje om tilskot. 

Dei opnar for søknadar i mai. Du kan allereie no melde hinder i naturen til prosjektet. 

Kva kan tilskotet gå til?

Tilskotet skal gå til fysiske tiltak. Dette kan vere alt frå ramper, handikapptoalett, kvilebenk, gapahuk, tilrettelagte portopnarar og betre merking av sti. Det er mykje inspirasjon frå tidlegare prosjekt på prosjektsida til God og trygg. 

Prosjektet God og trygg

Webinar 29. april kl. 14.00–15.30