Status i arbeidet med demning i Svelgsvatn

Her er ein liten rapport frå arbeidet som pågår med å forsterke demninga ved Svelgsvatn.

 Svelgsvatn er inntaksdam til kraftverket Svelgen 1. Demninga vi no jobbar med er bygd i 1928, med ei stor oppgradering på slutten av 90-talet. Etter nye damforeskrifter, fekk vi pålegg frå NVE om å forsterke denne demninga og å etablere ein tappetunnel. Tappetunnelen kom på plass i 2021.  

Dette opptaket blei gjort i midten av september, då konsernsjefen vår, Knut Arild Flatjord, var på tur for å sjå. Status no er at Veidekke har kome lenger i arbeidet med støyping av dammen. Fordi dette er eit veglaust område, blir det brukt både flåte, båt og helikopter i arbeidet. Dammen skal etter planen vere ferdig den 15. november, og då vil etter kvart vasstanden i Svelgsvatn bli som normal igjen.