Innbyggjarar over 18 år har fått tilsendt ein SMS, men du kan også velje å svare her.
Innbyggjarundersøking
Frå før har vi ein temaplan for barn og unge. Vi startar med ei spørjeundersøking for innbyggarar over 18 år. Tilbakemeldingane vil vere nyttige for oss for å planlegge safunnet vårt.
Vi vil ha eit inkluderande samfunn der vi legg til rette for innbyggjarar i alle livsfasar. Siste halvår har det vore netto tilflytting til Bremanger kommune. Vi håpar at denne utviklinga held fram!
Framskriving av folketal viser at alderssamansetninga i befolkninga endrar seg. Tal eldre aukar, og det blir fleire av dei eldste eldre, samstundes som del yngre i befolkninga går ned. Det er positivt at levealder aukar og at nye generasjonar eldre vil ha betre helse og økonomi!
Samfunnsendringane gjer det naudsynt å ha eit aldersvennleg samfunn, slik at eldre blir inkluderte i lokalsamfunnet og at deira ressursar kjem til sin rett. Lokalt næringsliv og frivilligheit må koplast med dei eldre sine etterspurnader og behov. Eit samfunn som er godt for eldre vil vere godt for yngre!
Vi spør deg som er over 18 år om:
- Korleis vi kan skape levande lokalsamfunn i alle livsfasar
- Bustad
- Tenester
Ver med å forme Bremanger kommune for framtida!
Svarfrist 05.09.2025 Svar digitalt om du kan!
Papirutgåva med svarkonvolutt finn du på og leverer du til:
- Servicekontoret på rådhuset
- Nærbutikkane i Ålfoten, Leirgulen, Davik, Spar Kalvåg og Spar Bremanger
- Biblioteket i Svelgen og på Hauge
- Om du har heimesjukepleie kan dei ta med til deg