Søknad om barnehageplass

Hovudopptak for søknad om barnehageplass i 2026.

Barnehagane i Bremanger

I Bremanger kommune har vi 5 kommunale barnehagar. 

Desse er:

  • Davik barnehage
    - Avdeling Kolset barnehage
    - Avdeling Davik barnehage
  • Kalvåg barnehage
  • Svelgen barnehage
  • Stasjonen barnehage
  • Ålfoten barnehage

 

Opptak til barnehagane 2026/2027

Det er samordna opptak til barnehagane.

Søknadsfristen for hovudopptaket i barnehagane er 1. mars. Dette gjeld for barn som skal ta til i barnehagen frå hausten 2026.

Føresette søkjer elektronisk via søkjandsskjema her.

Dei som treng rettleiing for å søkje, kan ta kontakt med ein av barnehagane i Bremanger.

Barnehagane kan også gje svar på spørsmål angåande søknad og opptak. Innkomne søknadar vil verte handsama i den enkelte barnehage i løpet av mars månad. Søkjar vil få svar kring 1. april.

Opphald i barnehage i Bremanger kommune er gratis. 
De må betale kostpengar.