Snart full 5G og fiberdekning

Bremanger har snart full 5G og fiberdekning. –Vi reknar med at i desember er det meste gjort, seier kommunalsjef Karl Vidar Førde. 

– Under pandemien såg vi kor viktig det var med gode datasamband. I dag er dette snart like viktig for husstandane som straum og vatn, seier han.

Det gode liv i bygdene

Den digitale oppgraderinga i kommunen betyr at tilbodet i Bremanger blir like godt som andre stadar med full 5G og fiberdekning.

– I praksis betyr dette at ein kan leve det gode liv på bygdene våre, og samtidig ha gode digitale tilbod, seier Førde. Han legg til at god nettkapasitet er viktig både for næringslivet og for private: – Og det er viktig for skulane våre.

5G er ei forkorting for femte generasjons mobiltenester i mobilnettet. Teleselskapa har dei siste åra bygd ut 5G-nettet i dei store byane. No er denne utviklinga også komen til Bremanger.

– Her er halve jobben gjort. Telenor reknar med å vere i mål til jul, fortel Førde.

Raskare nett

Når det gjeld breiband fortel kommunalsjefen at Førde-baserte Enivest var med i ein tidleg fase då ein bygde ut i Kalvåg og ytre Bremanger. Etter den tid har arbeidet halde fram i andre former.

– No har vi hatt tre rundar med Telenor som har levert fiber til nesten 800 adresser i kommunen, seier han.

I desember fullfører Telenor arbeidet med fiberutbygging for bygdene Liset, Eikeland, Nesbø og Dyrstad. I praksis betyr dette at den digitale kapasiteten i Bremanger snart blir høgare og signala går raskare enn tidlegare når alt det nye er på plass.

– Når utbygginga er ferdig vil det over 100 år gamle koparnettet i Bremanger vere erstatta med eit nett for framtida, og det er vi glade for, smiler kommunalsjefen.