Psykisk beredskap er årets tema for Verdsdagen for psykisk helse. Bakgrunnen for val av tema er at vi lev i ei tid med aukande uro; krig og konflikter, økonomisk usikkerheit som påverkar oss i kvardagen, ei eskalerande klimakrise og teknologiske endringar som utfordrar samfunnsstrukturane våre. Alt dette kan påverke evnen vår til å tole motgang, både som individ og samfunn.
Du kan lese meir om dette på nettsida til Verdsdagen for psykisk helse.
– Vi veit alle kor viktig det er å ha praktisk beredskap i ei uroleg tid – men like viktig er det å vere førebudd mentalt. Å ta vare på den psykiske helsa gjev oss styrke til å møte kvardagen, og fellesskapet rundt oss er ein del av denne beredskapen, seier ordførar Anne Kristin Førde.
Ho håpar at så mange som mogleg møter for å lyse opp den mørke haustkvelden saman.
– Bremanger kommune, saman med frivillige lag og organisasjonar, er stolte og glade for å kunne invitere til eit godt og variert program for markeringa av Verdsdagen for psykisk helse og Friluftslivets 2025. Sosiale møteplassar, varme ord og opplevingar vi deler, kan gjere ein stor forskjell – både for deg og for meg. Difor er vi takksame for å kunne samle folk til ei markering som minner oss på at vi står sterkare saman.
Bremanger kommune
Program
- Vi møtast utanfor Samfunnshuset i Svelgen kl. 17.30.
- Velkomen ved ordførar Anne Kristin Førde
- Lystog gjennom Svelgen sentrum. (Ta med lommelykt, lucialys eller fakkel.)
- Tilbake til Samfunnshuset ca. kl. 18.15.
- Motivasjonsforedrag med ei folkeleg framtoning av psykolog Trond Haukedal. Han er ein populær føredragshaldar med stor fagleg innsikt, humor og positiv energi.
- Gratis servering av kaffi, saft og pølse med brød/lomper.
- Allsong
- Musikkinnslag frå kulturskuleelevar.