Vingen har nasjonal verdi, og vi forstår godt at folk vil sjå teikningane. Samtidig er dette fleire tusen år gamal kunst. Dermed er det viktig at besøka går føre seg i organiserte former, seier Norvall Klungresæter som er kultursjef i Bremanger.
Eit skattkammer ved Frøysjøen
Helleristningsfeltet i Bremanger kommune er eitt av dei største og mest særmerkte helleristningsfelta i Nord-Europa.
Vingen er rekna som eit kulturhistorisk skattkammer med over 2.000 figurar hogde inn i berget, mange av dei over 5.000 år gamle. Besøkande kan sjå mystiske symbol og menneske- og dyrefigurar som framleis vekkjer undring og fascinasjon.
Båt frå Florø og Smørhamn
Turane til Vingen går kvar fredag.
- Avreise med båt nordgåande frå Florø kl. 16.05.
- Stoppar i Smørhamn kl. 16.39.
- Ankomst Vingen ca. kl. 17.05.
- Retur frå Vingen til Smørhamn og Florø ca. kl. 18.50.
Pris:
- Båt tur/retur
- Vaksne: kr 250,-
- Born (5–16 år): kr 125,-
- Guida omvising i Vingen
- Vaksne: kr 350,-
- Born (5–16 år): kr 175,-
Påmelding:
Påmelding til servicekontoret på e-post post@bremanger.kommune.no eller telefon 57 79 63 00.
Servicekontoret treng namn, telefonnummer, tal vaksne, tal barn, om du ønskjer å gå på båten i Florø eller Smørhamn, og om du eventuelt treng guiding på engelsk.
Dersom det ikkje passar å reise på ein fredag kan du reise med ein privat tilbydar som til dømes Knutholmen i Kalvåg som også har tilgang på utdanna guidar, fortel kultursjefen.
Bergkunsten i Vingen er fleire tusen år gamal.
Bremanger kommune