Formålet med samlinga er å legge til rette for dialog og samarbeid mellom dei ulike aktørane, for på best mogleg måte framme Bremanger kommune som ein turistdestinasjon.
Hauge
Marcel Meijer
Stor interesse for Bremanger som cruisedestinasjon
Eit viktig spørsmål som vart teke opp i samlinga var korvidt cruiseturisme er noko ein skal satse på. Ifølge hamnesjef Monica Sande, er det stor interesse frå rederi om å legge til kai i Bremanger kommune.
– Fleire rederi som har vore i kontakt med oss, er interesserte i at Bremanger skal etablere seg som ein cruisedestinasjon. Vi må difor drive aktiv marknadsføring frå destinasjonen si side for å vise alt vi har å by på i vår fantastiske kommune.
Det vart peika på at ein viktig føresetnad for ei slik satsing, er eit samarbeid mellom reiselivsaktørane i kommunen for å lage eit utfyllande tilbod til cruiseturistane, anten det er snakk om overnatting eller aktivitetar. Kommunen kan på si side bidra med tilrettelegging, til dømes i form av infrastruktur, sanitærforhold, informasjon og liknande.
– Skal vere berekraftig
For å redusere belastinga som cruiseturisme vil kunne ha på miljø og lokalbefolking, seier Monica Sande at ein mellom anna kan legge avgrensingar på storleik på skip og tal på passasjerar.
– Bremanger hamn ønsker at cruise skal vere berekraftig.
Dei skal no gjennomføre eit såkalla forstudium for å kartlegge moglegheitene for å satse på Bremanger kommune som cruisedestinasjon. Då skal ein sjå på mellom anna:
- kor store cruiseskip ein kan ta imot
- kor mange cruiseskip det vil vere fornuftig å ta imot på ein sesong
- om ein skal satse på sommar og/eller vintercruise
- kor mange passasjerar per anløp
- inntekter/kostnader
«Moods of Norway»-gründer deltok
Avslutningsvis deltok «Moods of Norway»-gründer Simen Staalnacke på møtet via Teams, og presenterte sine tankar om korleis ein kan marknadsføre Bremanger kommune. Han samarbeider med Visit Nordfjord om merkevarebygging og marknadsføring.