Frå 1. september vil det stå containerar på plass i fiskerihamna i Kalvåg der fiskefartøy kan kaste oppfiska avfall og utrangerte reiskapar. Informasjon om levering kan fiskarane laste ned via ein QR-kode på containerane. I tillegg vil hamnevakta bistå med å rettleie fartøy og gi tilgang til containerane.
Vivian Stephenson
Nye krav i forureiningsforskrifta pålegg hamner å ha mottaksløysningar der fiskefartøy kan levere oppfiska avfall. Det vil seie avfall som fartøya får opp frå havet med reiskapane sine. I tillegg er eit nytt produsentansvar for fiskereiskapar i plast venta å tre i kraft i 2025, der det òg vil vere behov for innsamlingsløysingar for utrangerte fiskereiskapar. Dette er bakgrunnen for at SALT, Norske Havner og Norges Fiskarlag har
gått saman om å utvikle og teste ein mottaksmodell for fiskeriavfall som no òg vert prøvd ut i Bremanger.
Optimalisere løysingar
Hamna i Bremanger er først ut i Vest-Norge med å teste den nye mottaksløysinga, men òg andre hamner langs kysten deltek i å teste ut og vidareutvikle mottaksløysingar for fiskeriavfall, blant annet i Lofoten og i Hammerfest. Målet er å innhente erfaringar for å kunne optimalisere avfallsløysingar for fiskefartøy i hamner. Satsinga er finansiert av Handelens Miljøfond og FHF – Fiskeri og havbruksnæringens forskningsfinansiering. Prosjektet er administrert av SALT, som har lang erfaring med å ta imot oppfiska avfall i hamner gjennom prøveordninga Fishing for Litter, mellom anna i Måløy. Tilbodet i Bremanger byggjer på erfaringar frå Fishing for Litter, men er ikkje finansiert som ein del av denne ordninga.
Generelt avfallsgebyr
Kostnadene for å levere oppfiska avfall i hamna skal dekkast av eit generelt avfallsgebyr som betalast uavhengig av om fartøy leverer avfall eller ikkje ved anløp i hamn. Gebyrkravet er nedfelt i forureiningsforskrifta, som òg opnar for at hamna kan fakturere eit tilleggsgebyr for levering av særleg store mengder avfall. Dette er den viktigaste skilnaden frå dagens Fishing for Litter der leveringskostnadene er dekket av eit tilskot frå Miljødirektoratet. Den ordninga pågår framleis i 11 hamner, inkludert Måløy. I tillegg er utrangert utstyr ikkje ein del av dagens Fishing for Litter. På sikt er det venta at delar av leveringskostnadene ved de nye mottaka kan bli dekte av produsentansvaret.
Vil hauste erfaringar
- Finansiering av nye Fishing for Litter-hamner har ikkje vore gitt sidan 2020. Når hamnene no er pålagt å tilby mottaksløysingar for oppfiska avfall, ønsker vi saman med hamnene å undersøke korleis erfaringane frå Fishing for Litter kan nyttast til å etablere gode mottaksløysingar for fiskeriavfall i alle hamner som ønsker det, innanfor rammene av nytt regelverk og gebyrkrav, fortel prosjektleiar Hilde Rødås Johnsen i SALT.
- Det er stort behov for å forbetre avfallsløysingane i hamner, både når det gjeld å få levert oppfiska avfall, utrangert utstyr og vanleg avfall. Difor er prosjekt som dette viktige for å sikre at løysingane som vert valde er praktisk gjennomførbare og dekker det behovet som våre medlemmar har, seier leiar Kåre Heggebø i Norges Fiskarlag.
Fram til i dag har det ikkje vore noko tilbod for fiskeflåten om avfallslevering i Bremanger hamn. Hamnesjef Monica Sande ser på testprosjektet som ei moglegheit til å få nødvendige erfaringar for å kunne gi eit godt tilbod i framtida. Slik som Heggebø ser ho et stort behov for å kunne ta i mot alle typar fiskeriavfall i hamna, og for praktiske og gjennomførbare løysingar.
- Vi har behov for å forbetre avfallsløysninga i hamna. Prosjektet er viktig for å sikre løysningar som dekker det behovet som våre brukere av hamna har, seier Sande.
Nytt generelt avfallsgebyr må innarbeidast i kommunens avfallsdirektiv, og inntil dette er på plass vil det ikkje bli kravd inn gebyr i testperioden, opplyser hamnesjefen.
Kontakt:
Hilde Rødås Johnsen, prosjektleiar SALT
Tlf. 996 43 335
hilde@salt.nu
Monica Sande, hamnesjef, Bremanger
Tlf. 99439290
monica.sande@bremanger.kommune.no