Politistasjonen i Svelgen vil vere bemanna kvar tysdag

Politiet i Florø og Bremanger ønsker å informere om at politistasjonen i Bremanger (Svelgen) no vil vere bemanna kvar tysdag frå kl. 10.00 til 14.00. I dette tidsrommet vil det vere høve til å møte politiet i lokala.

Suzanne Sagebø

For å kunne gi best mogleg service, anbefalar vi at du avtalar tid på førehand dersom det lar seg gjere.

– Det er viktig for oss i politiet å skape føreseieleg og god tilgjengelegheit for innbyggarane i Bremanger kommune. Utover fastsett opningstid på politistasjonen, kan ein rekne med å sjå politiet ute på patrulje i kommunen, både på kvardagar og i helgane, skriv politioverbetjent Julie S. Sneltvedt. 

For ordinære førespurnadar når du alltid politiet på 02800. I nødstilfelle ring 112.

– Vi ser fram til å treffe dykk på politistasjonen og ute i gatene.

Møtte skuleborn i Svelgen sentrum

Den 19. mars var politiet i Svelgen for å delta i politirådet, som er eit formelt samarbeid mellom politi og kommuneleiing, med mål om å styrke det kriminalitetsførebyggande arbeidet. 

Etter rådsmøtet møtte to politibetjentar tilfeldigvis ein flokk med skuleborn i sentrum. 

Dette var stor stas for borna, som hadde mange spørsmål dei ville ha svar på. Politibetjentane tok seg god tid til å prate med borna og svare på alle spørsmåla dei hadde, og kan vel trygt seie at dei gjorde ein viktig innsats for nettopp styrking av det kriminalitetsførebyggande arbeidet nettopp denne dagen.  

Suzanne Sagebø