Paneldebatt med stortingskandidatane
Fagforbundet i Bremanger inviterer til paneldebatt på Svelgen samfunnshus måndag 25. august klokka 18.00 i høve stortingsvalet i september.
Lokala vil vere opne frå klokka 17.30. Debatten går fram til klokka 20.00.
Tema for kvelden er:
- Kraftpolitikk og straumpris
- Distriktspolitikk og rekruttering
- Kommuneøkonomi, og bruk av vikarbyrå
- Demokrati og aukande polarisering
Fleire frå stortingsbenken kjem
Dei som stiller på debatten i Svelgen er:
- Erling Sande, Senterpartiet
- Torbjørn Vereide, Arbeidarpartiet
- Sonja Øvre-Flo, Høgre
- Stig Even Lillestøl, FrP
- Hege Lothe, SV
- Per Ståle Husevåg, KrF
- Alfred Bjørlo, Venstre.
- Lill Karin Gamvik Stålnacke, Velferd og Innovasjonspartiet
Debattleiar er Dag H. Nestegard. Elevar frå Svelgen oppvekst vil stå for sal av kaffe og kaker.
Fagforbundet arrangerer
Eventuelle spørsmål om arrangementet kan stillast til Fagforbundet i Bremanger ved leiar Ann-Lisbeth Hauge. Kontakt servicekontoret på telefon 57 79 63 00.
Publisert 19.08.2025 08.18
Sist endra 19.08.2025 08.18