Presentasjon av skisser for rehabilitering av Svelgen oppvekst:
Det rådgjevande ingeniørselskapet Norconsult var tilstades for å legge fram prosjektskisser for rehabilitering av Svelgen oppvekst. Dei føreslår å bygge eit nybygg til ungdomstrinnet, som skal koplast saman med barneskulen med felles hovudinngang. I skissene vert barneskulebygget vidareført, men rehabilitert og utbetra. Det vart også lagt fram forslag til nye trafikale løysingar, både på nord- og sørsida av skulen, for å auke både trafikktryggleik og kapasitet.
NYBYGGET: Eit oversiktsbilete som viser korleis Norconsult ser for seg plassering av nybygget (i oransje).
Norconsult
Temaplan for vaksne:
Kommunalsjef Randi Ytrehus orienterte formannskapet om Temaplan for vaksne. Prosjektet går ut på å legge langsiktige planar for eit meir aldersvennleg samfunn i framtida. Dette er spesielt aktuelt i Bremanger kommune, kor talet på eldre aukar meir enn i mange andre kommunar. I samband med dette har kommunen sendt ut ei spørjeundersøking til innbyggarane for å kartlegge behova til dei som bur her. Hovudfunna frå denne blir presentert på folkemøte i Svelgen den 18. september kl. 18, kor også Helsedirektoratet vil vere tilstades.
Gjenbruksstasjon på Nygård:
Formannskapet vedtek å be om dialogmøte med fylkeskommunen for å avklare om det er mogleg å bygge ny gjenbruksstasjon på Nygård etter at det vart funne kulturminne i området.
Vindpark på Myklebust- og Ramskredsfjellet
Det har blitt utarbeidd eit planprogram for bygging av vindpark på Myklebust- og Ramskredsfjellet. Formannskapet skal sende dette vidare til offentleg høyring, men vil legge til eit punkt der dei ber om at det blir utgreia minst to alternative utbyggingsløysingar med:
- mindre arealbruk og terrenginngrep som følge av fysiske installasjonar og tilførselsveg
- reduksjon av tal og høgde på vindturbinane.
Planprogrammet skal igjennom ein høyringsprosess før den kjem tilbake til drøfting i formannskapet.