Oppdatert: Sundsvegen

Etter det store raset denne veka ligg det att lausmasser i området der raset gjekk. Geolog er venta tidleg neste veke for å hjelpe oss med vurdering av kva vi bør gjere vidare.

Vi ser at det er mange som er avhengige av vegen, både privat og i næring.

Bremanger kommune vel derfor å opne for trafikk forbi rasstaden, men ber om at trafikk er begrensa til eit minimum og særskilt då ved nedbør.

Steinmasser i grøft ved rasstaden vil bli fjerna på sikt, men den nærmaste tida ønsker vi ikkje å ha arbeid under rasområdet