Folkemøtet er måndag 21. oktober kl. 18.00 på samfunnshuset i Svelgen. Formålet med folkemøtet er å informere om prosjektet, løysingane som er foreslått og kva vurderingar som er gjort. Det blir høve til å stille spørsmål om planen, og få meir informasjon om ulike deltema.
Dagen etterpå, tysdag 22. oktober, blir det open kontordag på rådhuset i Svelgen. Dette er eit tilbod til dei som ynskjer å komme i direkte kontakt med kommunen, Holmaneset H2 AS (Fortescue) eller plankonsulent Henning Larsen i Rambøll-gruppa for å stille spørsmål eller drøfte planforslaget. Det vert sett av inntil 20 minutt til kvart møte. Møta kan også gjennomførast digitalt om det er ønskjeleg. Du melder deg på open kontordag ved å kontakte servicekontoret i Bremanger kommune tlf. 57 79 63 00 eller på epost post@bremanger.kommune.no.
Tysdag ettermiddag vert det også arrangert eit ope seminar dedikert til teknisk planlegging og tryggleik på Holmaneset-prosjektet, med Svein Hansen og Stian Erichsen frå Fortescue. Alle som er interesserte er velkomne til å delta. Seminaret er frå kl. 17-20 på Bremanger Fjordhotell.
Merk at alle innspel og merknadar til planforslaget må leverast skriftleg innan høyringsfristen 31. oktober 2024.
© Kartverket