Offentleg ettersyn av søknad om løyve til endra anleggsutforming og auka produksjon, akvakulturlokalitet 12224 Isane
Eide Fjordbruk AS søkjer jf akvakulturlova § 8 om endra anleggsutforming med etablering av 6 stk nedsenka, lukka merder, på lokaliteten på Isane.
Fortøyingar for anlegget strekkjer seg inn i sjøområdet til Stad. Dei søkjer og om auka produksjon til 5460 MTB, maks tillaten biomasse, på lokaliteten. Fylkeskommunen vurderer at tiltaket ikkje får vesentlege verknader for miljø eller samfunn. Bremanger sin kommuneplan, arealdelen for 2024 – 2036, gjeld for området.
Eventuelle merknadar må vere skriftlege og sendast kommunen innan 19. juni 2026.
Søknad om endring av akvakulturlokalitet 1224 Isane i Bremanger kommune - SP-2025-002073
Publisert 08.05.2026 14.23
Sist endra 12.05.2026 11.16