Tilskotet som gjeld Iglandsvik er på 720.000 kroner. For Kalvåg er løyvinga på 900.000 kroner. Det er fylkeskommunen som tildeler midlane.
Honnør til kommunalsjefen
Ordføraren seier ho vil sende ein stor honnør til kommunalsjef Karl Vidar Førde som har ført søknaden i pennen frå kommunen si side:
–Ein god søknad som treff på kriteria er viktig, og her ser vi eit godt døme på det.
Tildelinga frå fylket kjem frå potten som gjeld personbilar. Frå denne posten får fem lokasjonar i fylket med i alt 12 ladestasjonar pengar. To av desse lokasjonane ligg i Bremanger. Alle 12 er nye ladestasjonar.
Mange søkte
Fylkeskommunen fekk inn langt fleire søknadar enn dei hadde pengar til å dele ut. Potten denne gongen var på godt 3,6 millionar.
I sakspapira frå møte i hovudutval for næring står det at ein rekna det som viktig å få plass meir ladekapasitet i ytre delar av Bremanger. Difor kjem det altså to nye der.
–Dette kjem godt med. I sommar har vi hatt mange tilreisande, og fleire kjem med el-bil, seier ordføraren.
Eviny driv allereie ein ladestasjon i Svelgen. No får altså kommunen to til av slike hurtigladestasjonar.
Ladestasjonen i Svelgen