Nye datoar for vaksinering

Det er sett opp nye datoar for vaksinering i Svelgen og på Hauge. 

Tilbodet om gratis vaksinasjon er for dei i målgruppene. Det er hovudsakleg dei over 65 år, og personar med underliggande sjukdom. Du kan lese meir om desse lenger nede i saka. 

Det er no sett opp nye datoar for vaksinering for dei i målgruppene som endå ikkje har fått gjort dette. 

  • Svelgen helsestasjon den 6. november frå kl. 14.00-16.00. 
  • Hauge helsestasjon den 12. november frå kl. 14.00-16.00.

Viktig informasjon

Du kan ta vaksine mot korona, influensa og pneumokokkar på same tid dersom du er i målgruppene for alle. Det er litt ulike tilrådingar for dei forskjellige vaksinene, som du kan lese meir om lenger nede. 

Hugs legitimasjon, eller skriv ned fødselsnummeret ditt dersom du ikkje kan dette utanåt. 

For å minske kø, ber vi om at du kler deg slik at armen er lett tilgjengeleg.  

Kven er tilrådd influensavaksine?

  • Alle som fyller 65 år i år eller er eldre.
  • Bebuarar i sjukeheimar og omsorgsbustader.
  • Gravide i 2. og 3. trimester.
  • Personar frå 6 månaders alder med desse kroniske sjukdommane eller tilstandane:
  • Kronisk lungesjukdom (inkludert astma).
  • Kronisk hjarte-/karsjukdom.
  • Diabetes.
  • Kronisk lever- eller nyresvikt.
  • Nevrologisk sjukdom eller skade.
  • Svekka immunforsvar (både på grunn av sjukdom og behandling).
  • Svært alvorleg fedme (KMI over 40).

Kven er tilrådd koronavaksine (oppfriskingsdose)?

  • Alle som fyller 75 år i år eller er eldre.
  • Bebuarar i sjukeheimar og omsorgsbustader.
  • Personar frå 6 månaders alder med dei same kroniske sjukdommane som lista over for influensa.

Tilbod til deg mellom 65 og 74 år: Sjølv om den generelle tilrådinga om oppfriskingsdose gjeld frå 75 år, får alle i aldersgruppa 65–74 år også tilbod om vaksine gjennom vaksinasjonsprogrammet dersom dei sjølve ynskjer det.

Kven er tilrådd vaksine mot lungebetennelse (pneumokokkvaksine)?

Alle som fyller 65 år i 2025 (personar fødde i 1960).

Andre personar med særskilt risiko for lungebetennelse eller personar som ikkje er omfatta av programmet, men likevel ynskjer vaksine, kan ta kontakt med fastlegen sin for rettleiing.