Ny moglegheit til å ta influensa- og koronavaksine

Vi har to nye datoar for dei i målgruppa som ønskjer vaksine og ikkje hadde høve dei tidlegare datoane. 

Gratis vaksinasjon er eit tilbod for dei i målgruppene. Det er hovudsakleg dei over 65 år og personar med underliggande sjukdom. Du finn meir informasjon om desse målgruppene i kommunen sin hovudartikkel om vaksinering, eller på FHI sin side om influensavirusvaksine og FHI sin side om koronavirusvaksine. 

Du kan ta både koronavaksine og influensavaksine på same tid dersom du ønskjer, og dersom du er i målgruppene for begge.

Svelgen 18. november 

Vaksineringa er på Svelgen helsestasjon kl. 14–16.

Kalvåg 20. november 

Vaksineringa er på Bremanger sjukeheim kl. 15–17.

Hugs å ta med legitimasjon dersom du ikkje kan fødselsnummeret ditt utanåt.