Datoen er tysdag 31. mars, som er i påskeveka. Dette blir femte gong ein arrangerer NordfjordTreffet. I vår var arrangementet i Måløy, og neste gong er det altså Svelgen sin tur.
Ope for alle
NordfjordTreffet er ei årleg nettverks- og rekrutteringsmesse for Nordfjord. Messa samlar verksemder, organisasjonar, studentar, jobbsøkjarar og folk som ønsker å bygge nettverk eller få informasjon om kva som rører seg i næringslivet i vårt område.
– Alle som vil kan kome og vere med, seier Solberg.
Inviro på Nordfjordeid er teknisk arrangør, og eigar av konseptet. Saman med lokale næringsaktørar (til dømes Nordfjordkompaniet, Samarbeid Nordfjord etc.) har Inviro treffet i Nordfjord som eit årvisst arrangement.
Det første treffet var våren 2022. Deretter har arrangementet rotert mellom kommunane for å inkludere hele regionen.
Kommunalsjef Anita Solberg
Bremanger kommune
Dette kan du forvente
Før treffet opnar dørene for folk flest, skal det vere ei nettverkssamling - Nettverk Nordfjord - for alle bedrifter som har stands på messa.
Deretter opnar dørene for publikum, og du kan besøke ulike stands med lokale verksemder frå regionen i Svelgen denne dagen. Men også organisasjonar som rekruttere nye tilsette, eller kanskje er der for å vise seg fram, og sei hei til nettopp deg.
– NordfjordTreffet er ei rekrutteringsmesse, men også ein arena for nettverk, seier Solberg. Ho legg til at ved påsketider tenkjer mange ungdommar på sommarjobb, og at det også kan vere ein grunn til å besøke messa.
– Uansett grunn er alle hjarteleg velkomne, seier ho.
Programmet for arrangementet er førebels ikkje klart, men vil bli sendt ut på denne sida av nyttår.
Lenke til Inviro: Om Inviro