MS Skulebas
Måløys vgs
I løpet av seglasen skal fartøyet innom mange hamner, og i kvar hamn ønsker dei å invitere både elevar, føresette og innbyggararane elles velkomen ombord på Ope skip. Her møter besøkande både elevar og lærarar som vil gi omvising på det flotte skipet, i tillegg til å dele informasjon om skulen sitt mangfaldige tilbod.
Onsdag 30. september: Ope skip på Davik/Dampen
Torsdag 1. oktober: Ope skip Kalvåg/Pelagia

Får erfaring med livet på sjøen
Størsteparten av mannskapet om bord er elevar på VG1 Teknologi- og industrifag. For fyrste gang skal VG1-elevane ha delar av den praktiske opplæringa si om bord på Skulebas. Dei tre klassane på skulen har kvar si veke på seglas, der målet er at dei på ekte vis skal få erfaring med livet på sjøen og få djupare innsikt i yrker innan maritime fag. Samstundes vil elevane kunne dele av sine kunnskapar og erfaringar. Dei vil fortelje om korleis skulekvardagen er, kva moglegheiter dei har for vidare utdannning og yrkesliv, og ikkje minst korleis det er å vere elev ved Måløy vgs.
På dagtid vil MS Skulebas ønske 10. klasse og elevar på vidaregåande skule velkomen om bord. På kveldstid held dei ope for alle som måtte ønske det.