Plakat for karrieremessa i Grieghallen den 11. februar med teksten "Ta steget".Framtidsfylket er arrangør, og her kan du melde deg på:
Ta steget – Karrieremesse 11. februar | Framtidsfylket
Grieghallen er plassen å vere onsdag 11. februar.Messa er frå 09:45 til 16.00
Organisasjonen Framtidsfylket er hovudsakleg eigd av næringslivsaktørar frå gamle Sogn og Fjordane. Oppdraget er å rekruttere fleire unge til regionen. No inviterer dei til samling i Bergen.
Messa i Grieghallen går får klokka 09:45 til klokka 16.00 den dagen.
Grieghallen i Bergen sentrumEige arrangement for Bremanger
Etter at messa til Framtidsfylket er over, inviterer Bremanger kommune til eige arrangement i Salong Nina som ligg i andre etasje i Grieghallen. Nina skal ha vore kona til komponisten Edvard Grieg, men det visste du kanskje?
I Salong Nina blir det enkel servering frå klokka 16.00, og eige opplegg for dei som kjem.
I skrivande stund arbeider vi med programmet for denne seansen. Informasjon kjem når ting er meir klart. Uansett blir det kjekt å møtast.
Vi håpar du tar turen!
Salong Nina er i andre etasje.