Markerer utvandringa frå Bremanger

Det er 200 år sidan den første organiserte norske utvandringa til Amerika. Frå Bremanger og gamle Davik reiste fleire hundre menneske over havet til landet i vest.

Denne utvandringa skal ein markere på Kolset skule laurdag 13. september klokka 16.00. Det fortel Liv Marit Bøen som er leiar for Sogenemnda i kommunen. 

Sogenemnda har jobba fram ei tekstsamling med mange historier om dei som reiste. Dette heftet kan ein kjøpe på Kolset skule denne dagen.

Postkort med Amerikabåten som motiv, sendt frå Amerika til familien i Bremanger/Gamle Davik - Klikk for stort bileteLANG BÅTREISE: Mange nordmenn reiste over havet til Amerika. Sogenemnda

 

 

 

 

Rikhaldig meny

Programmet for markeringa er tettpakka med gode innslag. Bjørg Lofnes skal halde prolog, eller fortale som det også blir kalla.

Deretter spelar musikarar frå kulturskulen Bremangerhymne. Denne hymna er skriven av komponist Per Indrehus som hadde oppveksten sin på øya Hovden sør for Kalvåg.

Etter det musikalske innslaget kjem det eit teaterstykke som er skrive av etterkommarane etter nokre av dei som utvandra frå Blålida. Grete Berntzen frå Kalvåg har regien på dette.

- Ein av forfattarane, Marilyn Elstad Vold, kjem faktisk til denne markeringa. Og ho kjem heile vegen frå Amerika, fortel Bøen.

Tidlegare NRK-korrespondent

Sogenemnda har jobba godt. For dei kjem også med ei fotoutstilling mellom anna med portrett av dei som reiste ut.

Programmet held fram med sal av rømmegraut, kaker og kaffi, og eit foredrag frå tidlegare Berlin-korrespondent for NRK, Roger Sevrin Bruland. Han har no heimeadressa på familiegarden i Utvik, og skal snakke om kvifor dei norske-amerikanske etterkommarane er så konservative og religiøse.

Også kona hans, Britt Pernille Frøholm, kjem til Kolset. Frøholm har med seg fela, og skal mellom anna spele slåttar skrivne i Bremanger.

Markeringa blir avslutta av ordførar Anne Kristin Førde.

Konferansier er Dag H. Nestegard.