Ledige læringsplassar frå hausten 2026

No kan du søke om lærlingplass i Bremanger kommune frå hausten 2026. Søknadsfrist er 31. mars. 

Vi har ledige lærlingplassar innan: 

  • service- og administrasjon
  • helsearbeidarfag
  • barne- og ungdomsarbeidarfag 

Vi tek òg imot søknadar frå lærekandidatar.

Som lærling vil du samarbeide tett med din rettleiar og andre medarbeidarar, og vi legg til rette for at du skal få brei erfaring innan ditt fagfelt.

Du kan lese meir om stillingane eller søk via webcruiter her. 

Vi håpar du ønskjer å verte lærling i Bremanger kommune og ser fram til å få deg med på laget!