Ledige kommunale bustadtomter til minstepris

Kommunen har laga eit prospekt over ledige kommunale tomter til minstepris. Dei kan du sjå her:

Jostein Vedvik

Draumen om å bygge sitt eige hus kan bli din. Kommunen har fleire bustadtomter som blir lagt ut for minstepris. Du kan sjå ei oversikt over desse i prospektet nedanfor. 

Prospekt - kommunale bustadtomter (PDF, 9 MB)

Retningslinjer for kjøp av tomt til minstepris

  • Ved kjøp av tomt til minstepris må kjøpar ha sendt inn byggesøknad til kommunen, i samsvar med reguleringsplan, innan eitt år.  
  • Tomter som ikkje blir byggesøkt innan fristen på eitt år blir kjøpt tilbake til Bremanger kommune.       
  • Tomtene blir selde “som dei er”.
  • Der det ikkje er infrastruktur må tiltakshavar ordne med framlegging av infrastruktur sjølv.

Har du spørsmål eller vil melde di interesse?

Ta kontakt med kommunalsjef Karl-Vidar Førde på karl.vidar.forde@bremanger.kommune.no

 eller driftsjef Magnhild Myklebust på magnhild.myklebust@bremanger.kommune.no