Kyrkjekontoret søkjer kontormedarbeidar
Bremanger kyrkjeleg fellesråd har frå 01.01.2025 ledig 25% stilling som kontormedarbeidar på kyrkjekontoret på Hauge. Søknadsfrist er 12. november 2024.
Den norske kirke
Arbeidsoppgåver
- Kontormedarbeidaren har sekretærfunksjonar innanfor felles administrativ karakter i forhold til sokneråd.
- Kontormedarbeidaren vil, både gjennom ekspedisjon og telefonservice, få kontakt med publikum.
- Kontormedarbeidaren får ansvar for kontormessige rutinar som: Postteneste, arkivhandsaming og journalrutinar.
- Kontormedarbeidaren skal hjelpe til med kunngjering og informasjon om gudstenester og kyrkjelyden sine aktivitetar.
- Kontormedarbeidaren fører medlemsregister m.m. etter nærmare gjevne reglar.
Ønska kvalifikasjonar
- Fagbrev i kontorfag.
- Gode datakunnskapar.
- Erfaring frå tilsvarande arbeidsoppgåver.
- Vi ønskjer ein person som er ryddig og nøyaktig i utføring av sine arbeidsoppgåver.
Dersom du er interessert, ta gjerne kontakt med kyrkjeverje Bjarki Hrafnsson på tlf. 91706595 el. 41803976
Søknad med CV, vitnemål og attestar kan du sende til Bremanger kyrkjeleg fellesråd, Postboks 104, 6721 Svelgen, eller e-post: bjarki.hrafnsson@bremanger.kommune.no.
Publisert 23.10.2024 09.37
Sist endra 23.10.2024 09.38