Kva meiner du om reiselivet i Nordfjord?

Bur du i Stad, Stryn, Gloppen eller Bremanger? Då ønskjer vi å høyre kva du meiner om reiselivet i Nordfjord.

Reiselivet skaper aktivitet, arbeidsplassar og gode opplevingar, men kan òg føre til utfordringar for naturen og lokalsamfunna våre. Gjennom ei felles innbyggjarundersøking ønskjer vi å få vite:

  • Kva er bra med reiselivet?
  • Kva utfordringar opplever du?
  • Kva bør vi satse på framover?

Svara skal brukast i arbeidet med Merket for berekraftig reisemål og gi grunnlag for ei reiselivsutvikling som tek omsyn til lokalsamfunnet, naturen og dei besøkande.

Undersøkinga er anonym og tek om lag fem minutt å svare på. Undersøkinga er open frå 24. august til 7. september 2026.

Skann QR-koden ovanfor eller følg lenka for å svare på undersøkinga: Reiselivsundersøkinga i Nordfjord 2026