Kulturpris for Vestland

Vestland fylkeskommune deler ut ein kulturpris på 50 000 kr kvart år. Prisen blir delt ut for første gong i 2025, og fristen for å nominere kandidatar er 15. september.

Kulturprisen kan gå til personar, lag og organisasjonar som

  • har vore ein spydspiss i kunst- og kulturlivet i fylket, og bidrege til å syne fram Vestland som leiande kulturregion
  • viser kulturinnsats utover det vanlege, og med tyding for heile eller ein større del av fylket
  • viser kreativitet og evne til nyskaping og/eller har gjort ein særleg innsats i å ivareta og formidle kulturarven

Prisen skal vere til inspirasjon for aktørar som står sentralt i arbeid med å halde ved like og vidareutvikle det kulturelle mangfaldet i fylket. 

Slik nominerer du nokon til fylkeskulturprisen

Du sender nominasjonen din via det digitale skjemaet du nedst på sida. I skjemaet må du grunngje kvifor du meiner den eller dei du nominerer, fortener prisen. Du kan ikkje nominere deg sjølv.

Dette får prisvinnaren

Fylkeskulturprisen er på 50 000 kr. I tillegg får kulturprismottakaren eit diplom eller anna høveleg teikn på kulturprisen.

Tildelinga av fylkeskulturprisen vert offentleggjort når hovudutval for kultur, idrett og inkludering har gjort vedtaket sitt. Utdelinga skjer i samband med fylkestinget i desember kvart år.

Nominasjonsfrist

15. september 2025.

Gå til nominasjonsskjema