
Program for fredag 13. juni
17.00 opning på Øyratunet
Utstillingar frå Bremanger Kunstklubb og kulturskulen.
Salgsutstilling av Jertrud Eikås.
Utan nokon plan på førehand hentar Jertrud Eikås figurane sine i det abstrakte. Ho leitar etter godheit og samhøyre. Ser du dette igjen i maleria hennar?
17.30 Felles vandring i kulturminneløypa
Frå Øyratunet til Kulturhuset Realen.
18.00 Kulturhuset Realen
På Realen vert det internasjonal kafe og omvisning i bygget. Få med deg minikonerten til kulturskulen i ungdomskjellaren.
19.00 Forfattarmøte
Møt forfattar Geir Arne Solheim på biblioteket. Med utgangspunkt i boka Start med eit smil, tek Geir Arne oss med på ei reise gjennom eit halv-langt og innhaldsrikt liv, proppa med opplevingar, skråblikk, undringar og små og store katastrofer – ofte pakka inn i musikk, dikt, humor og ein god dose uventa visdom.
19.00 Kino for dei yngste
Film på samfunnshuset for dei yngste. Nærare detaljar kjem!
20.00 Konsert Slåttespel på trekkspel
Konsert med Ole Nilsen i Svelgen kapell.
I Ole Nilssens soloprogram, kalla Slåttespel på trekkspel, får du ein smakebit frå arbeidet hans med å overføre speleteknikkar, harmoniføringar og formspråk frå hardingfele til trekkspel.
22.00 Konsert Spik adel
Dans med Spik Adel på Bremanger Fjordhotell.
22.00 Helleristningsjakt
Bli med Trond Lødøen i omvendeskaret på Nesbø og leit etter nye helleristningar! Påmelding til servicekontoret Bremanger kommune tlf. 57 79 63 00.
Bonus-laurdag 14. juni
Salgsutstilling på Øyratunet ved Jertrud Eikås mellom kl. 11–13.