Den 08.05.2025 gjorde kommunestyret vedtak om at Zephyr AS får starte opp planarbeid for områderegulering for vindkraftverk på Myklebustfjellet og Ramsskredsfjellet.
I den samanheng vedtok også kommunestyret at samfunnsdelen i kommunedelplanen skal rullerast hausten 2025. Rulleringa er teke inn i kommunen sin planstrategi 2025-2026 som vart vedteken i kommunestyret 18. september. Formannskapet behandla framlegg til forenkla planprogram den 28. august og vedtok då å leggje dette ut til offentleg ettersyn.
Arealdelen vart vedteken i 2024, og er ikkje planlagt rullert i planperioden.
Gjeldande samfunnsplan som vart utarbeidd gjennom ein grundig tverrpolitisk prosess er relativt ny, og bremangersamfunnet sine hovudutfordringar er dei same som dei var ved utarbeiding av planen i 2021; folketalsutvikling og demografi.
Vi har eit omfattande kunnskapsgrunnlag som er henta inn dei siste åra. Ein finn såleis ikkje behov for nye utgreiingar i samband med rullering av planen, men ein må vurdere kommunen sin status i høve nye nasjonale og regionale forventningar i høve utforming av arealstrategiane. Ein legg og opp til å «stramme» opp dokumentet i høve delmål og vegval (strategiar) i for å bidra til å gjere koplinga til tiltak i handlingsplan og rapportering endå klarare enn i dag.
Framlegg til forenkla planprogram finn du ved å følgje denne lenka:
Merknader og innspel må vere skriftlege og sendast til Bremanger kommune, postboks 104, 6721 Svelgen, eller på e-post til post@bremanger.kommune.no.