Kom og syng med Tor Olav!
Det vekentlege tilbodet “Songglede” startar opp att onsdag 9. september kl. 11.15 i Storstova på Svelgen omsorgssenter.
Tor Olav Heldal ønsker velkomen til "Songglede"
Bremanger kommune
Alle som vil er hjarteleg velkomne til å delta. Det er inga krav til songstemme.
“Songglede” er eit tilbod som starta opp hausten 2025. Den gangen sa musikkterapeut Tor Olav Heldal:
– Her skal vi synge med det nebbet vi har. Det å synge saman gir ei kjensle av fellesskap. Når vi kjem saman og syng, skjer noko nesten magisk. Det er mykje god helse i det.
Songstunda varer til ca. kl. 12.30.
Publisert 07.09.2026 13.21
Sist endra 07.09.2026 13.22