Klimaheider til Nordfjord

Kommunane i Nordfjord har fått utmerking av Innovasjon Norge for arbeidet med berekraftige reisemål.

Frå venstre: Elisabeth Hatlenes (Region Fjordane), Per Kjøllesdal (ordførar i Stryn), Tom Joensen (kommunedirektør Bremanger), Benedicte Elsrud (Visit Nordfjord), Jan Ove Rygg (Varaordførar Gloppen), Jon B. Nesje (kommunedirektør i Stryn).  - Klikk for stort bileteFrå venstre: Elisabeth Hatlenes (Region Fjordane), Per Kjøllesdal (ordførar i Stryn), Tom Joensen (kommunedirektør Bremanger), Benedicte Elsrud (Visit Nordfjord), Jan Ove Rygg (Varaordførar Gloppen), Jon B. Nesje (kommunedirektør i Stryn). Visit Nordfjord

Dagleg leiar Benedicte Willand Elsrud i Visit Nordfjord tar utmerkinga som eit klapp på skuldra, og seier dei skal halde fram med å kutte utslepp, styrke lokal eigarskap og utvikle reiselivet på det ho kallar naturens og lokalsamfunna sine premiss.

Under dei offisielle markeringa onsdag 24. september vart «Merket for berekraftig reisemål» overrekt til Nordfjord-regionen. Merket er eit kvalitetsstempel frå Innovasjon Norge som blir gjeve til reisemål som kan dokumentere langsiktig innsats for å ta vare på natur, kultur, miljø og lokalsamfunn.

Fekk mange poeng

Utmerkinga blir sett på som ei stor anerkjenning av det omfattande arbeidet som er lagt ned dei siste åra. Kommunane Gloppen, Stryn, Bremanger og Stad, destinasjonsselskapet Visit Nordfjord, reiselivsaktørar i regionen og innbyggjarar har stått saman sidan oppstarten i 2022 – og no ser ein resultat av dette arbeidet, heiter det i ei kunngjering frå Visit Nordfjord.

Nordfjord-regionen fekk 172 av 198 moglege poeng – tilsvarande 87 prosent måloppnåing i tevlinga. Kontrollrapporten frå ekstern kontrollør Anne Dorte Carlson frå konsulentselskapet Consullum i Hemsedal, løftar særleg fram tre tiltak dei set pris på:

  •  Produktkatalog for natur- og kulturarv, utvikla i samarbeid med kommunane, som gjer det lettare å skape nye, berekraftige opplevingar.
  •  Den samlande merkevara Nordfjord, etablert i 2014–2015, som i dag blir brukt både av reiselivet, kommunane og anna næringsliv.
  •  Målretta arbeid med cruise, der Nordfjord har gått føre med dialog, tolegrenseanalyse og nye løysingar for å balansere mellom ringverknader og lokalsamfunn si toleevne.

Kommunedirektør i Stryn, og leiar av destinasjonsleiinga, Jon B. Nesje, seier utmerkinga viser at det nyttar:

– Vi har vist at små og store aktørar, offentleg og privat, kan dra i same retning når vi har ein felles plan. Nordfjord skal vere ein god stad å bu – og ein god stad å besøkje.

Frå venstre: Sigrid Alice Hovland (Innovasjon Norge), Benedicte Elsrud (Visit Nordfjord), Per Kjøllesdal (ordførar i Stryn), Arild Vonheim (Stad kommune), Tom Joensen (kommunedirektør Bremanger), Jan Ove Rygg (Varaordførar Gloppen), Thomas Haavik (Innovasjon Norge). - Klikk for stort bileteFrå venstre: Sigrid Alice Hovland (Innovasjon Norge), Benedicte Elsrud (Visit Nordfjord), Per Kjøllesdal (ordførar i Stryn), Arild Vonheim (Stad kommune), Tom Joensen (kommunedirektør Bremanger), Jan Ove Rygg (Varaordførar Gloppen), Thomas Haavik (Innovasjon Norge). Visit Nordfjord

 

 

 

 

 

 

Ordførarane er nøgde

Ordførar Arnar Kvernevik i Gloppen er nøgd med utmerkinga:

– Gjennom Trivselsskogen på Sandane, og satsing på lokalmat ser vi korleis reiseliv, folkehelse og næringsutvikling går hand i hand. Merket gjev oss inspirasjon til å halde fram.

Også ordførar Judith Kvåle i Stad er glad for utmerkinga:

– Med Sagastad og Sagaløypa har vi sett kulturarven i sentrum. At dette no blir løfta fram i ein nasjonal standard for berekraft, er ei stor anerkjenning for oss.

Dei kviler ikkje på laurbæra

Merket krev at destinasjonen dokumenterer framgang, og blir vurdert på nytt kvart tredje år. Det betyr at Nordfjord framover skal halde trykket oppe på dei største utfordringane. Elisabeth B. Hatlenes i Samarbeid i Nordfjord seier at her får ein ingenting gratis.

Dei kviler ikkje på laurbæra

Merket krev at destinasjonen dokumenterer framgang, og blir vurdert på nytt kvart tredje år. Det betyr at Nordfjord framover skal halde trykket oppe på dei største utfordringane. Elisabeth B. Hatlenes i Samarbeid i Nordfjord seier at her får ein ingenting gratis.

– Vi er stolte over utmerkinga, men veit at arbeidet berre så vidt har starta. Merket for berekraftig reisemål gjev oss retning, ansvar og motivasjon for dei neste åra, seier ho. Vi er stolte over utmerkinga, men veit at arbeidet berre så vidt har starta. Merket for berekraftig reisemål gjev oss retning, ansvar og motivasjon for dei neste åra, seier ho.