Prosjektleiar Dag H. Nestegard fortel at Årdal kommune har gjennomført slike møte, og har gode erfaringar med det. No gjer ein det same i Bremanger:
– Kommuneleiinga kjem for å informere om tilboda frå kommunen, enten det gjeld skule, helse eller jobb. I tillegg kjem Svelgen Turn- og idrettsforening (STIF), Bremanger Idrettslag, Keipen Turlag og 4H for å snakke med tilflyttarane, så dette ser vi fram til, seier Nestegard.
Prosjektleiar for tilflyttarkontoret, Dag H. Nestegard
Gode Bremanger lansert
Kommunestyret har vedtatt ein rekrutteringspakke på ti millionar for å auke folketalet i kommunen. Tilflyttarkontoret er ein del av den pakken.
– I sommar lanserte vi nettsida for prosjektet, og nettsida har fått namnet Gode Bremanger. No går vi vidare med sosiale møteplassar, og inviterer tilflyttarane til info-møte, fortel Nestegard.
Samlinga skal vere på Bremanger Fjordhotell. Det er sett av to timar til det sosiale møtet. Det vil bli enkel servering.
– Føremålet er ikkje berre å informere. Like viktig er at det folk får ein møteplass der ein kan utveksle informasjon og spørje om ting ein lurer på, avsluttar Nestegard.
Møtet vil finne stad på Bremanger Fjordhotell den 23. oktober kl. 18.00.
Bremanger Fjordhotell