Ein kan som før søkje spelemidlar til to kategoriar:
• Ordinære anlegg-nye anlegg-rehabilitering av anlegg-helsesportanlegg-tilrettelegging av anlegg for funksjonshemma
• Nærmiljøanlegg
Har laget eller organisasjonen din tenkt å søkje om spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet? Vær obs på endringar i regelverket som gjeld frå 15.06.26.
Viktig informasjon
• Frå og med 15.juni 2026 gjelder ny “Forskrift om tilskudd til bygging og rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet fra spilloverskuddet til Norsk Tipping”
• Til forskrifta følgjer “Rundskriv 01/26 Tilskuddssatser for tilskuddsberettigede anleggstyper for søknadsåret 2027”.
• Det er og laga ein rettleiar: “Veiledning til forskrift om tilskudd til bygging og rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet”
• Forskrift: “endringar-forskrift-spelemidlar.pdf” (PDF, 419 kB)
Kvar skal eg søke?
Søknaden skal sendast inn elektronisk via nettsida www.anleggsregisteret.no.
På denne sida finn du informasjonen du treng for spelemiddelsøknad med mellom anna:
• vilkår og krav
• søknadsprosess
• dokumentasjonskrav
• hjelp til utfylling
Er ikkje anlegget registrert?
Dersom anlegget de skal søkje spelemidlar til, ikkje er registrert tidlegare, må søkjaren ta kontakt med Magnhild Myklebust på e-post magnhild.myklebust@bremanger.kommune.no for å få anleggsnummer.
Bremanger kommune må registrere anlegget før søkjar kan fylle ut søknaden og legge ved dei vedlegga som er krevd.
Nye anlegg må meldast inn for å bli innrullert i den reviderte planen.
Frist for innspel til kommunedelplan er også 24. Oktober 2026.
Bremanger kommune sin plan for fysisk aktivitet for 2017 – 2020 er forlenga til å gjelde til og med 2026. Planen for 2027 – 2030 er no under revidering, og høyring vert lagt ut på kommunen sin heimeside 1. oktober 2026. Lenka under er til den gamle planen:
Kommunedelplan for fysisk aktivitet
Webinar om spelemidlar
Vestland fylkeskommune inviterer til to webinar, retta mot frivillig sektor (lenke under til informasjon om registrering):
Rettleiing om søknad
Bremanger Kultur og fritid har sett av tysdag 20. oktober frå kl 13.00-18.00 til rettleiing om søknad. Ta kontakt med Norvall Klungreseter på e-post norvall.klungreseter@bremanger.kommune.no eller tlf. 916 58 547, eller Magnhild Myklebust på magnhild.myklebust@bremanger.kommune.no eller tlf. 95983000 for å avtale tid dersom din organisasjon vil søkje om spelemidlar for 2027 og de har behov for rettleiing.
Det er viktig at det er gjort styrevedtak om at laget skal søkje om spelemidlar før ein startar arbeidet med søknaden.
Krav ved fornya søknad
Ved fornya søknad må søknaden leggast inn på nytt i årets søknadsrunde. Ein må gi ein status for framdrifta ved anlegget og gjere greie for eventuelle avvik/endringar frå tidlegare innsendt søknad (kostnadsoverslag, finansieringsplan, driftsbudsjett m.m.)
Søknadsfrist til Bremanger kommune er 24. oktober 2026.